Shelterbox til jordsjelfofrene i Tyrkia og Syria

Kjære Rotary-venner!

Me er alle svært prega over omfanget av det store jordskjelvet i Tyrkia og Syria. Dei menneskeleg lidelsane er ufattelege. Dødstala har passert 21.000 og dei vil truleg bli mykje høgare. Hundretusenvis er blitt heimlause etter dei massive materielle øydeleggingane.
Shelterbox, som Rotary har samarbeidd med i mange år, er allereide på plass i jordskjelvområda, og dei ber instendig om meir bidrag, m.a. frå Rotary-klubbane i Norge. Shelterbox bidreg til katastrofeområdene med tepper, telt, presenningar, ovnar, vannrenseutstyr osv, som er livsviktig for befolkningen i det kalde vinterværet.
Eg ber om at du som President i din klubb tek snarleg intitativ for å bevilga eit bidrag til Shelterbox. Vedlagt finn du ein appell frå Shelterbox Norge v/Torstein Nilsen.
Kontonr er 3201.62.12767 eller Vipps 105692.
Innbetalingingane merker du med navnet til klubben. 
Du kan også oppmoda klubbens medlemar til å bidra som privatpersonar. Då kan Vippsnr brukast.
Les meir om Shelterbox her:

https://www.facebook.com/shelterboxnorway/

https://www.shelterboxnorway.no/

https://www.rotary.org/en/shelterbox-and-rotary-help-disasters

Med venleg helsing

Odd Henry Hommedal

 



ENKELT Å BIDRA TIL VÅRE FOND
STØTT TRF - TRYKK PÅ SPAREGRISEN


Direktelenker


Sosiale medier


Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

Loading RSS...
Les mer